Velkommen til perla i Hardanger!

Ulvik ligg innerst i Hardanger mellom høge, snødekte fjell, innerst i kanten av Hardangerfjorden. Her finn du Noreg si eineste frukt- og siderrute med tre sjølvstendige gardsbedrifter som tilbyr både eigenprodusert eplesider og andre velsmakande gardsprodukt. Bygda byr på fleire overnattings- og spisestader og fleire ulike aktivitetar for store og små. Stå på vannski på fjorden, kikk innom Ulvikatorget med eit stort utval av lokalproduserte varer eller ta deg ei lyrisk vandring i det nyopna Olav H. Hauge-senteret eller diktarheimen på Rossvoll. Det er fleire godt merka turstiar rundt om i området og moglegheiter for å utforske fjorden med både båt og kajakk.
  • Påskeprogram

    Påskeprogram

    Det skjer litt av kvart på Handelslaget i påsken. Me ser fram til at du tar turen innom!Les mer »
  • Opningstider påsken 2017

    Opningstider påsken 2017

  • Ulvik-kalender 2017

    Ulvik-kalender 2017

    Kalenderen for 2017 er framleis å få tak i. Ring eller send oss ein e-post for å tinge ein til deg sjølv eller til nokon du er glad i.Les mer »
  • Naturopplevingar

    Naturopplevingar

    Opplev fjord og fjell i Ulvik for store og små. Følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda eller utforsk det våte element på vannski. Leig båt eller kajakk eller ta del …Les mer »
  • 19.–21. mai: Sidersleppet 2017

    19.–21. mai: Sidersleppet 2017

    Helga 19.–21. mai inviterer me igjen til det årlege Sidersleppet! Dette er ei nydeleg blømingshelg i Ulvik, og noko alle – store og små – bør få med seg. Laurdag arrangerer gardane faste omvisingar med smaksprøvar og om kvelden laurdag …Les mer »
  • 6.–9. juli: Sommarfestivalen 2017

    6.–9. juli: Sommarfestivalen 2017

    Andre helga i juli går den årlege Sommarfestivalen (tidlegare kalla “Fiskefestivalen”) av stabelen. Du finn programmet med aktivitetar og moro for heile familien her: www.fiskefestival.no. Ta del i noregsmeisterskapet i pallepadling, ta med borna på ein tur med Eliasbåten eller …Les mer »
  • 15. juli: Kvasshovden Opp 2017

    15. juli: Kvasshovden Opp 2017

    Det årlege motbakkeløpet med målgang på Kvasshovden (1030 høgdemeter) går i år av stabelen som NM-løp laurdag 15. juli med både konkurranseklasse og mosjonsklasse. Løypa strekk seg over 7500 lengdemeter frå Ulvik sentrum med fleire matstasjonar på veg opp til …Les mer »
  • 6.–8. oktober 2017: Torgdag, loppemarknad og auksjon

    6.–8. oktober 2017: Torgdag, loppemarknad og auksjon

    Den årlege torgdagen, arrangert av Ulvik Næringslag og Lions Club Ulvik, finn stad ved Sentrumsbygget i Ulvik med eit stort utval av lokale produkt. Årets dato vert 6.–8. oktober.Les mer »