• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

Olav H. Hauge-senteret

hauge-senteretOlav H. Hauge-senteret – store opplevingar på små flater

Hauge-senteret ligg vakkert til ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med Olav H. Hauge sitt liv og verk, og du kan oppdage poesi og lyrikk i mange formar på nye og spennande måtar. Senteret inneheld utstilling, lyrikkbibliotek, poesiverkstad, museumsbutikk og kafé.

Olav H. Hauge (1908 – 1994) er ein av våre fremste lyrikarar og gjendiktarar. Han livnærte seg som fruktdyrkar og debuterte som forfattar i 1946. Frå heimen på Rossvoll i Ulvik skaffa han seg eit vidt utsyn og store kunnskapar gjennom lesnad av verdslitteratur. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har nådd langt ut i verda og er gjendikta på meir enn 20 språk.

 

Hauge-senteret for heile familien

Kattejakta tek dei minste med rundt i utstillinga der dei blir kjent med diktaren og kjetlingen hans. I museumsbutikken finn du eit breitt utval av bøker om og av Hauge, diktbøker og nynorsk litteratur for born og vaksne. Butikken har òg eit variert gåveutval, blant anna, Hauge-glas frå Syse glas, magnetpoesi og puter med Hauge-sitat.

 

Nynorsk kultursentrum som driv Hauge-senteret og Ivar Aasen-tunet i Ørsta blei kåra til Årets museum 2015.

 

Omvising etter avtale. Utstillinga er òg teksta på engelsk.
www.haugesenteret.no

Tel. 56 52 70 70

 

Mai – august:

Tysdag – fredag        10:00-16:00

Laurdag – søndag      11:00-17:00

 

September – april:

Tysdag – fredag        10:00-16:00

Søndag                       12:00-17:00

Brakanes Hotel

brakanes-hotellBrakanes Hotel starta som skysstasjon med fem rom i 1860 og har sidan då utvikla seg til å bli eit av Hardanger sine fremste ferie- og konferansehotell. Hotellet ligg midt i sentrum heilt nede ved fjordkanten og byr på rom av ulik art og storleik med utsikt mot bygda eller mot fjorden, med og utan balkong. Dei to store suitane har sitjegrupper, balkong og bobebad og høver like godt for brudepar som til dei som ynskjer ferie med det vesle ekstra.

Restaurant Peer Gynt er open året rundt og serverer mat og drikke med lokal forankring i alt frå enkle rettar, a la carte-meny, bugnande buffetar og festmåltid til finare anledningar. I sommarhalvåret får du også servering ute i hagen. Ingenting er som eit glas duggfrisk sider i solnedgang ved fjorden.

Hotellet er familievenleg og tilbyr leikerom for dei minste, ein romsleg hage med fjordutsikt og bademoglegheiter både i fjord og basseng.

I tilknyting til hotellet ligg Brakanes Kurs- og konferansesenter med fleire plenumsalar og grupperom. Brakanes Hotel er eit kjent vertskap for alt frå små møte til store konferansar og bankettarrangement. Ved større konferansar og arrangement som krev meir overnattingskapasitet, kan ein ta i bruk sommarhotellet Ulvik Hotel, som også er drive av Brakanes.

Hotellet legg til rette for aktivitetar og opplevingar året rundt, alt frå gardsbesøk og smak av sider, besøk på Olav H. Hauge-senteret og heimen hans på Rossvoll, i tillegg til flotte turar på fjord og i fjell. I tillegg arrangerer hotellet fleire weekendar som er spekka med både musikalske og kulturelle innslag året rundt. For ikkje å gløyma jolebord, der all maten vert produsert etter tradisjonelle oppskrifter. Det kjennest på smaken!

 

For meir informasjon, kikk innom nettsida til hotellet: www.brakanes-hotel.no eller følg Brakanes Hotel på Facebook.

Booking: [email protected] eller telefon 56 52 61 05

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 1. september – 9. oktober 2017

Måndag–tysdag: 10.00–16.00
Onsdag: Stengt
Torsdag: 10.00–18.00
Fredag: 10.00–16.00
Laurdag: 11.00–17.00
Sundag: Stengt (ope 8/10, 10–15)

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.