• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

6.-8. oktober 2017: Oktobertorg og fruktslepp

Oktobertorget i Ulvik gjekk av stabelen 6.–8. oktober 2017. Me gjekk hausten i møte med Frukt- og siderruta sitt årlege fruktslepp, loppemarknad med auksjon i regi av Ulvik Lions Club, lokaltorg og stemningsfulle arrangement i regi av Haugesenteret og Brakanes Hotel. Det vart ei helg fullspekka av lokale smakar, lyrikk og god hauststemning!

Oktobertorget 2018 vert 5.–7. oktober. Set av datoane!

 

5.–8. juli: Sommarfestivalen 2018

Andre helga i juli vert den årlege Sommarfestivalen arrangert. Faste innslag er noregsmeisterskapet i pallepadling, fiskekonkurranse, besøk av Eliasbåten og det store sommartorget ved kaien. I 2018 kjem det til mange fleire artige hendingar og store opplevingar, så hald deg oppdatert på denne sida for siste nytt: https://www.facebook.com/Ulvik-Sommarfestival-879765078768465/?fref=tshttps://www.facebook.com/events/377325832458436/

(Plakaten for 2017-festivalen)

6.–8. oktober 2017: Torgdag, loppemarknad og auksjon

Den årlege torgdagen, arrangert av Ulvik Næringslag og Lions Club Ulvik, finn stad ved Sentrumsbygget i Ulvik med eit stort utval av lokale produkt: Alt frå ferske grønsaker til eplesaft, hårprodukt og leikety er å finne på det lokale utandørstorget. Lions har i tillegg eit stort loppemarknad i det gamle fruktlageret ved Coop, der ein kan finne glas, porselen, etestover, verktøy, kjøkenutstyr, møblar, bøker og leiker. Høgdepunktet er auksjonen med fleire moglegheiter for å gjere eit godt kjøp.

Illustrasjonsfoto frå 2009 og 2013:

Lopper1

 

 

 

Lopper2

 

 

 

 

 

 

 

 

inne inne2

 

 

 

Naturopplevingar

naturopplevingarOpplev fjord og fjell i Ulvik for store og små. Følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda eller utforsk det våte element på vannski. Leig båt eller kajakk, ta del i daglege fjordcruise mellom stupbratte fjell eller ta ein avkjølande dukkert ved dei fleirtallige badeområda. Lær å lage te av spiselige plantar og blomar i fjellterrenget av lokalkjende guidar eller prøv deg på ein lokal bygdequiz i området. Bygda har noko å by på for alle nivå, både store og små!

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 9. oktober – 4. desember 2017

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag–onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–18.00
Fredag: 11.00–16.00 (1.12 til 20.00)
Laurdag: 11.00–16.00 (2.12 til 17.00)
Sundag: Stengt

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.