• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

6.–8. oktober 2017: Torgdag, loppemarknad og auksjon

Den årlege torgdagen, arrangert av Ulvik Næringslag og Lions Club Ulvik, finn stad ved Sentrumsbygget i Ulvik med eit stort utval av lokale produkt: Alt frå ferske grønsaker til eplesaft, hårprodukt og leikety er å finne på det lokale utandørstorget. Lions har i tillegg eit stort loppemarknad i det gamle fruktlageret ved Coop, der ein kan finne glas, porselen, etestover, verktøy, kjøkenutstyr, møblar, bøker og leiker. Høgdepunktet er auksjonen med fleire moglegheiter for å gjere eit godt kjøp.

Illustrasjonsfoto frå 2009 og 2013:

Lopper1

 

 

 

Lopper2

 

 

 

 

 

 

 

 

inne inne2

 

 

 

Naturopplevingar

naturopplevingarOpplev fjord og fjell i Ulvik for store og små. Følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda eller utforsk det våte element på vannski. Leig båt eller kajakk, ta del i daglege fjordcruise mellom stupbratte fjell eller ta ein avkjølande dukkert ved dei fleirtallige badeområda. Lær å lage te av spiselige plantar og blomar i fjellterrenget av lokalkjende guidar eller prøv deg på ein lokal bygdequiz i området. Bygda har noko å by på for alle nivå, både store og små!

15. juli: Kvasshovden Opp 2017

Det årlege motbakkeløpet med målgang på Kvasshovden (1030 høgdemeter) vert arrangert tredje helga i juli kvart år. Det er både konkurranseklasse og mosjonsklasse. Løypa strekk seg over 7500 lengdemeter frå Ulvik sentrum med fleire matstasjonar på veg opp til toppen. Her har ein ei spektakulær utsikt over Ulvik. Løpet vert direktesendt frå Kongressen i Ulvik, og det er premieutdeling på ettermiddagen på beste tid og trekking på startnummer. Datoen for neste års løp er 14. juli 2018. Meir info er å finna her: kvasshovdenopp.no.

 

15. juli: Konsert i Kvemmadokkje

I sommar vert det konsert att i tunet på husmannsplassen. I år er det duoen POLKABJØRN & KLEINE HEINE m/gjest som trør til med energisk underhalding i form av jodling, trekkspel og anna moro. I tillegg vert det spel, song og dans frå Hardanger Spelemannslag. Konserten er utandørs!
Les meir om arrangementet her.

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 9. oktober – 4. desember 2017

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag–onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–18.00
Fredag: 11.00–16.00 (1.12 til 20.00)
Laurdag: 11.00–16.00 (2.12 til 17.00)
Sundag: Stengt

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.