Booking av guide – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Innovasjon Norge
    Innovasjon Norge
  • Chris Lorang Arnesen
    Chris Lorang Arnesen
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

Booking av guide

booking-av-guideI Ulvik ligg det mykje historie og mykje å sjå. Ved interesse, er det mogleg å booke lokale guidar som kan ta deg med rundt, anten du er interessert i spesielle bygg eller tema som til dømes Olav H. Hauge, kyrkja eller bygdemylno ved Tysso. Det er i tillegg mogleg å bestille ei meir generell bygdevandring som tek deg med rundt i sentrale bygg og punkt i sentrum eller lengre guida skogsturar. Guidane er fleksible og vil jobbe med å tilretteleggje for dine ynskje og behov.
Døme på ein times lang bygdevandring er at me tek deg med til Mylno og viser deg rundt i den siste gjenværande bygdemylna i området, ned langs Tysso, rundt ved fjordpromenaden og innom bautaen til Olav H. Hauge, før vi avslutter i kyrkja. Undervegs vil du få både historiske og kulturelle fakta og informasjon om Ulvik som bygd.

Kontakt Ulvik turistkontor om du er interessert i ei guida omvising i bygda, Mylno, kyrkja eller ein guida skogstur:

Telefon: 56 52 62 80
E-post: [email protected]

Kontakt Tove og Stein Olav Kolås for omvising i heimen til Olav H. Hauge på Rossvoll:
Telefon: 957 00 849 / 951 04 955

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 5. januar – 31. mars 2018

Måndag: 11.00–15.00
Tysdag–onsdag: Stengt
Torsdag–fredag: 12.00–17.00
Laurdag: 11.00–16.00
Sundag: Stengt

Copyright © 2018 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.