• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

Den Grøne Kafé

den-groneDen Grøne Kafé ligg idyllisk til ved kaien i Ulvik og tilbyr flott utsikt over fjord og fjell. Restauranten serverer ulike måltid som til dømes pizza, fish and chips, supper og hamburger i tillegg til at dei konstant oppdaterer menyen med spanande rettar. Kaféen byr på eit lite utval bakevarer til ein kopp god kaffi eller te, og har i tillegg eit stort utval av drinkar og andre forfriskningar. Det er moglegheiter for å sitje både ute på kaien eller inne, anten i den koslege sofakroken eller ved eit av dei fleire borda inne. Den Grøne Kafé har jamleg tilstellingar i lokala sine med konsertar og lignande tilstellingar som er verdt å få med seg med noko godt i glaset.

Drøs

drosDrøs er ein liten kafé som ligg sentralt ved hovudvegen, og tilbyr fleire spanande og smakfulle rettar og drinkar på menyen. Supper, pastaretter og toast i tillegg til ein spenstig meny i konstant endring byr på noko for einkvar smak samt ein fyldig meny for kalde forfriskningar. Sitt utandørs og nyt sola og utsikten eller hald deg innandørs i den koslege, avslappa atmosfæren i kafélokala. Drøs held jamnleg diverse konsertar i ulike sjangrar med god akkustikk i lokala, og er verdt å få med seg.

Helling Kafé

helling-kafeHelling kafé byr på sitjeplassar både innandørs og utandørs og ligg sentralt til mellom matbutikkane nær hovudvegen. Dei tilbyr diverse rettar som hamburger og pommes frites i tillegg til kaffi, te og ulike dessertar. Den tidlegare grillkiosken har utsal av is og softis, brus, godteri og chips, og høver seg godt til eit besøk før ein svinger innom kinoen lenger nede i vegen.

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider frå 1. juli 2018

Måndag–fredag: 10.00–18.00
Laurdag–sundag: 10.00–17.00

Copyright © 2018 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.