• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

5.–8. juli: Sommarfestivalen 2018

Andre helga i juli vert den årlege Sommarfestivalen arrangert. Faste innslag er noregsmeisterskapet i pallepadling, fiskekonkurranse, besøk av Eliasbåten og det store sommartorget ved kaien. I 2018 kjem det til mange fleire artige hendingar og store opplevingar, så hald deg oppdatert på denne sida for siste nytt: https://www.facebook.com/Ulvik-Sommarfestival-879765078768465/?fref=tshttps://www.facebook.com/events/377325832458436/

 

14. juli: Kvasshovden Opp 2018

Det årlege motbakkeløpet med målgang på Kvasshovden (1030 høgdemeter) vert arrangert tredje helga i juli kvart år. Det er både konkurranseklasse og mosjonsklasse. Løypa strekk seg over 7500 lengdemeter frå Ulvik sentrum med fleire matstasjonar på veg opp til toppen. Her har ein ei spektakulær utsikt over Ulvik. Løpet vert direktesendt frå Kongressen i Ulvik, og det er premieutdeling på ettermiddagen på beste tid og trekking på startnummer. Datoen for årets løp er 14. juli 2018. Meir info er å finna her: kvasshovdenopp.no.

 

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 19. mai – 18. juni 2018

Måndag–onsdag: 10.00–16.00
Torsdag–fredag: 10.00–17.00
Laurdag–sundag: 10.00–16.00

Copyright © 2018 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.