Idyllisk plassert, inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre, blømande frukttre om våren og lokale kulturopplevingar har ført turister til bygda i meir enn 150 år.
Med den einaste frukt- og siderruta i Noreg, godt merka turstiar og det rike utvalet av attraksjonar og aktivitetar, er Ulvik reisemålet for dei gode opplevingane.
KVANN inviterer til podekurs i vakre Ulvik, på tradisjonrike Hjeltnes gartnarskule. Kurset blir i drivhuset, ikkje langt unna klonsamlinga med rundt 100 sortar historiske epletre. Kurset gir grunnleggande informasj...
Holmen kulturpark inviterar til dagskurs i beskjæring av frukttre og ulike hagebuskar, laurdag 6. april
Å så dine egne planter fra frø er gøy og kan spare deg for mye penger! Kurset tar for seg grunnleggende teknikker for såing og oppal av grønnsaker og blomster som egner seg i vårt klima.
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Opplev tradisjonar og fantastisk matkultur du seint vil gløyma.
Ulvik har ei lang og rik kulturhistorie. Innerst i «Perla» ligg ei rekke spanande og fascinerande spor av tida som var, med godt bevarte kulturminne i eit samfunn i stadig utvikling.
Bugnande fruktgardar, skyhøge fjell og glitrande fjordar byr på utsikt i verdsklasse. Les meir her for å få med deg dei flottaste utsiktspunkta i Ulvik.
Ulvik er ein leikeplass for både små og store! Legg Noregsferien til bygda for ein fartsfylt og minnerik ferie i idylliske Hardanger. Klikk her for våre beste tips for familieferien i Hardanger.
Med sine høge fjell, langstrakte fjord og idylliske fruktgarder, er Ulvik den perfekte staden for ein aktiv ferie. Både for deg som vil gå ein roleg søndagstur i bygda, og for deg som vil bestige ein spektakulær fjelltopp. Her er våre beste tips til ein aktiv ferie, både på land og i vatnet.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Lurer du på korleis du kjem deg til Ulvik? Det er enkelt – anten du kjem med to eller fire hjul, langs sjøvegen eller til fots. Sjå her for informasjon om reisa inn til Ulvik.
Under opphaldet ditt i Ulvik kan ein fort trenge både det eine og det andre. Kanskje bilen stoggar, eller du treng legehjelp? Her er ei hendig oversikt over smått og stort for opphaldet ditt i bygda.
Me har serviceanlegg i underetasjen på Olav H. Haugesenteret.
Opningstid 07.00 – 23.00
Her er dusj, toalett og moglegheit for klesvask for båtfolk.
Drivstoff kan ein fylle på tankanlegget på Hjeltneskaia, på motsatt side av fjorden.