Frukt- og siderruta – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Peter Nickall
    Peter Nickall
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

Frukt- og siderruta

ciderruta

Tre ulike eplegardar og tre ulike opplevingar langs éin og samme veg. Dette er frukt- og siderruta i Ulvik. Alle tre gardane ligg langs same vegen og byr på velsmakande, heimalaga produkt. Gardane tek omvisning med smaksprøvar på bestilling, men det er ope for å ta turen på eiga hand og gå langs siderruta på eiga hand.

http://www.siderruta.no/

 

 

 

Hardanger Saft- og Siderfabrikk på Lekve er ein tradisjonell fruktgard med stor, industriell gardsproduksjon av både eplemost og sider med eit moderne brenneri for produksjon av eplebrennevin. Det er laga plass for ein stor gardsresturant for opp til 80 personar på bestilling.

http://www.hardangersider.no/

 

Syse Gard er ein allsidig gard med produksjon av eplemost, sider, syltetøy og lammekjøt. Ta ein tur innom gardsbutikken som er ein del av Economusea og prøv eit glas eplesaft eller kjøp ei gåvekorg til nokon du er glad i.

http://sysegard.no/

 

Ulvik Frukt og Cideri har stort fokus på dyrking av fleire eplesortar og har ein stor produksjon av eplesaft og -cider av ulike smakar og syrlegheitar. Garden har òg eit mindre gardsutsal av produkta sine.

http://www.hakastadsider.no/

 

 

 

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 9. oktober – 4. desember 2017

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag–onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–18.00
Fredag: 11.00–16.00 (1.12 til 20.00)
Laurdag: 11.00–16.00 (2.12 til 17.00)
Sundag: Stengt

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.