Med sykkel – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag
  • Cato Edvardsen
    Cato Edvardsen
  • Harald Sætre
    Harald Sætre
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

Med sykkel

med-sykkelI Ulvik er det enkelt å kome seg rundt med sykkel på dei godt asfalterte vegane med tilgang til fleire gode turstiar. Kjem du frå retning Odda eller Eidfjord, kan du via Bu køyre over Hardangerbrua til Vallavik og vidare inn til Ulvik. Det er kun éin kort tunell på den 14 kilometer lange strekninga mellom Ulvik og Vallavik. Følg riksveg 572 langs fjorden forbi tidlegare Bruravik ferjekai før du når Ulvik. Kjem du frå til dømes Voss og Granvin, kan du sykle gamlevegen over Espelandsdalen. Ruta er om lag 18 kilometer lang frå Holven og opp til Espelandsdalen og vidare ned mot Ulvik, der du vil få ei flott panoramautsikt over bygda. I bygda er det fleire overnattingsmoglegheiter og spisetilbod.

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 1. september – 9. oktober 2017

Måndag–tysdag: 10.00–16.00
Onsdag: Stengt
Torsdag: 10.00–18.00
Fredag: 10.00–16.00
Laurdag: 11.00–17.00
Sundag: Stengt (ope 8/10, 10–15)

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.