Den Grøne Kafé

den-groneDen Grøne Kafé ligg idyllisk til ved kaien i Ulvik og tilbyr flott utsikt over fjord og fjell. Restauranten serverer ulike måltid som til dømes pizza, fish and chips, supper og hamburger i tillegg til at dei konstant oppdaterer menyen med spanande rettar. Kaféen byr på eit lite utval bakevarer til ein kopp god kaffi eller te, og har i tillegg eit stort utval av drinkar og andre forfriskningar. Det er moglegheiter for å sitje både ute på kaien eller inne, anten i den koslege sofakroken eller ved eit av dei fleire borda inne. Den Grøne Kafé har jamleg tilstellingar i lokala sine med konsertar og lignande tilstellingar som er verdt å få med seg med noko godt i glaset.

Trykk her for å kome til heimesida.

<< Tilbake

Kontakt:

Ulvik næringslag
Postboks 93, 5731 Ulvik
Besøksadresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
e-post: [email protected]
telefon: 56 52 62 80/401 46 351

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.