• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

Om bakgrunnen for prosjektet

Kva var/er Handelslaget?

Prosjektet ”Handelslaget” er eit samarbeidsprosjekt og spleiselag mellom private næringsaktørar og produsentar i Ulvik, Ulvik næringslag og Ulvik herad. Då bygget som tidligare husa Coop fekk ny eigar, fekk me samstundes eit unikt høve til å skape liv i dei store gatevindauga som hadde stått tomme i fleire år. Ved å ta i bruk eit slikt bygg på ein slik måte, ville vi vere med å få snudd den negative sentrumsutviklinga me meinte fann stad i Ulvik. Det gamle Coop-bygget har vist seg å ha gode føresetnader for å verte eit slags signalbygg: Det har riktig plassering og tydeleg profil, i tillegg til at det ligg godt til med tanke på infrastrukturen i sentrum.

Skulle me lukkast med prosjektet, var me avhengig av ei brei lokal mobilisering og deltaking. Handelslaget var ei frukt som hang lågt, men der me meinte at aktørane sjølve kunne og burde engasjere seg for vidare vekst og komande utfordringar. Heradet vart etter kvart ein særs viktig støttespelar i samband med etableringa og utviklinga av prosjektet på lik linje med dei private næringsdrivande. Begge partar held fram med å vere viktige samarbeidspartnarar i prosjektet si framtidsutvikling.

Første etasjen i bygget er på om lag 450 m2. Denne vert no brukt som ei ope landskap-løysing med fem tydelege avdelingar:

1. Turistinformasjon og formidlingssenter for Ulvik som bu-kommune og reisemålsdestinasjon, og for heile Hardanger-regionen. Her er samla all kunnskap for både tilreisande og lokale om Ulvik frå fjord til fjell og omkringliggjende område. I tillegg er det og fokus på Ulvik som innfallsport til Finse og Osa.
2. Ulvikatorget, utsalsplass for lokalt foredla mat og handverk i Ulvik. “Smaken av Ulvik” er noko me er stolte av. Torget gjev produsentane brei eksponeringsverdi og gjer produkta tilgjengelege for både tilreisande og lokale.
3. Syse Glas/glasblåseri. Verkstaden er open og synleg frå gateplan, og har og glasveggar inne i lokalet slik at all produksjon er godt synleg. Silje Syse er ei ung kvinne som satser fullt på produksjon og kursverksemd. Dette er det einaste glasblåseriet i Hardanger-regionen. Produkta er og til sal som ein del av Ulvikatorget.
4. Keramikkverksemd. Keramikar Ingvild Winters flytta sin verkstad inn i det gamle kjølerommet. Me ville ivareta ”kjøleromsutrykket” ved å behalde dei gamle glasdørane, noko som gjer at og dette produksjonsforløpet er godt synleg for publikum. Produkta er og til sal som ein del av Ulvikatorget.
5. Felleskontor/kontorhotell. Organisert som ei underordna, ope landskap-løysing der ein kan arbeide i kontorfelleskap. Her kan både etablerte næringsdrivande og nyetablerte leige kontorplass for korte eller lengre periodar. Ved å dele tilgang til arbeidsplass, internett, straum og lukka møterom, er ein del av eit felleskap, deltar i ein sosial arena og spleiser på utgiftene. Dagleg leiar for næringslaget har sitt kontor her, i tillegg til at Sparebanken Vest bruker lokalet til rådgjevingstenestene sine i Ulvik.

Målet og dei gode synergieffektane

Vår tanke om å knyte saman ein glasbåserverkstad og kontor er i seg sjølv ein utradisjonell ide. Ser ein på heilskapen i huset, vert det likevel tydeleg at deltakarane, ved å vere støttespelarar for kvarandre, kan oppnå meir enn ved ei fragmentert plassering av næringane. Samarbeid på tvers av næringar er heilt naudsynt i ei bygd som Ulvik. Ideen og ønskje om eit felles utsalstorg er ikkje ny i bygda, men har alltid stranda på manglande økonomi til å kunne løne ein tilsett til å stå i butikken. Ved å leggja utsalet til turistinformasjonen, opnar vi opp for å kunne marknadsføre både produkta og reiselivsopplevingane direkte til kundane. Turistinformasjonen stiller med ein tilsett på kontoret som i tillegg til å vere på jobb, er vertskap for Ulvik og er ein kunnskapsformidlar. Slik vert heilårsaktivitet eit nøkkelord. Det vert eit ope bygg, året rundt, både for tilreisande og fastbuande.

“Co-workers” og delt kontorlandskap er omgrep i tida. For å kunne sjå det interessante i og relevante ved eit slikt bygg for oss i Ulvik, er det ein føresetnad at lokalet ligg sentralt, og at det er eit lavterskeltilbod. Dette er viktig for å kunne ivareta alle typar næring og aktørar. Her inkluderer me ho som driv tilleggsnæring med kontorbehov ein dag i veka, den unge gründeren som satsar 100 % på nye ting, den røynde aktøren som kan sjå føremonene ved å spleise og turisten som set pris på å kunne sende ein arbeidsrelatert e-post midt i fellesferien. Ferske og røynde næringsdrivande skal kunne ha tilgang til lyse lokaler og raskt internett. Landskapet vert innreda minimalistisk, reint og lyst. Tilgang til arbeidsbord, te-kjøkken, internett, lys og straum er alt som er naudsynt. I tillegg skal det vera eit lukka møterom til personleg rådgjeving, styremøter eller privatsamtalar. Satsinga på kompetansearbeidsplassar har langtidseffekt og kan auke tilflytting.

Ulvik har eit stort reiselivspotensiale, ikkje minst når det gjeld å få besøkjande til å bli i fleire dagar. Handelslaget synleggjer drivkreftene i bygda og området rundt. Gjennom å auke aktiviteten i sentrum, er me og med å stø opp om den eksisterande næringsutviklinga i bygda. Drøs, Den Grøne Kafe og Karna klypp er etablerte døme på god sentrumsutvikling den siste tida. Synergieffektene ved meir liv i sentrum er ei oppmoding om at besøkjande vert her meir enn ein dag og to, og med mål om at dei lokale får lyst til å bruke meir tid i det offentlege rom. Dette er med på å auke sosialiseringa, gjev meir samhald og aukar kvalitetsopplevingar. Dette er og i tråd med Cittaslow-satsinga til Ulvik.

Lokal eigarskapskjensle i Handelslaget mellom alle aktørane er viktig. Ein sams leigeavtale av huset inneber og auka kjensle av ansvar og omsorg. Enkeltaktøren tener fordi felleskapet vinn.

Ulvik, september 2015

<< Tilbake Handelslaget

Kontakt:

TLF: 56 52 62 80
E-post: [email protected]

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag og onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–18.00
Fredag: 11.00–16.00 (1.12 til 20.00)
Laurdag: 11.00–16.00 (2.12 til 17.00)
Sundag: Stengt

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.