Omvising på frukt- og sidergardane – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Innovasjon Norge
    Innovasjon Norge
  • Chris Lorang Arnesen
    Chris Lorang Arnesen
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

Omvising på frukt- og sidergardane

omvisning-pc-sidergcrdLangs frukt- og siderruta i Ulvik ligg tre individuelle fruktgardar som kan tilby omvisingar, der du vil få sjå prosessen frå frukt på trea til ferdig produkt på flaske og i glas. Dei tre gardane lagar både eplesaft og eplesider, men har i tillegg ulike produkt dei tilbyr. Til dømes nyttar Ulvik Frukt & Cideri fleire ulike eplesortar til dei forskjellige produkta sine i tillegg til å produsere svakprosent-cider. Syse gard har, i tillegg til produksjon av eplesaft og sider, fleire gardsprodukt av eple, plommer og pærer i butikken sin, som er ein del av economusée-gruppa. Lekve gard har stor produksjon av eplesider, men har i tillegg utvikla eplebrennevin.

Under omvisingane hjå dei ulike gardane vil du få innsikt i prosessen rundt det å framstille epleprodukt frå start til slutt. Du vil i tillegg få smaksprøvar av produkta på garden.

Kontakt Torbjørg Austrud og Asbjørn Børsheim hjå Ulvik Frukt & Cideri:

Telefon: 911 02 215
E-post: [email protected]
Nettside: www.hakastadsider.no

 

Kontakt Gro Tveit og Hans Uglenes hjå Syse Gard:

Telefon: 416 49 906
E-post: [email protected]
Nettside: www.sysegard.no

 

Kontakt Nils Lekve hjå Hardanger Saft- og Siderfabrikk:

Telefon: 901 22 835
E-post: [email protected]
Nettside: www.hardangersider.no

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 1. september – 9. oktober 2017

Måndag–tysdag: 10.00–16.00
Onsdag: Stengt
Torsdag: 10.00–18.00
Fredag: 10.00–16.00
Laurdag: 11.00–17.00
Sundag: Stengt (ope 8/10, 10–15)

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.