• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Peter Nickall
    Peter Nickall
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

I Ulvik finst det mange opplevingar for store og små

Aktiv ferie? Roleg familieferie? Turferie? Ulvik byr på mykje for einkvar smak. For den aktive, kan ein gå lengre fjellturar med flotte utsiktspunkt over bygd og fjord eller stå på vannski på fjorden. Ta ei vandring i Olav H. Hauge sitt liv på Haugesenteret eller i tunet heime på Rossvoll. Besøk den gamle restaurerte bygdemylna om du er interessert i kultur og historie. Har du sans for lokalmat og og lokalproduserte varer, kan du ta ei vandring langs frukt- og siderruta for å smake på gardsprodusert eplesider eller plommesyltetøy. Ulvik byr på fleire badestrender og -område og har varierte turmoglegheitar for alle aldrar og nivå.

  • Olav H. Hauge – diktarheimen på Rossvoll

    Olav H. Hauge – diktarheimen på Rossvoll

    Heimen til Olav H. Hauge er open for omvisning for større og mindre grupper etter avtale. Tunet ligg på Rossvoll, om lag 15 minutters gange frå Ulvik sentrum.Se mer »
  • Olav H. Hauge-senteret

    Olav H. Hauge-senteret

    Hauge-senteret ligg vakkert til ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med Olav H. Hauge sitt liv og verk, og du kan oppdage poesi og lyrikk i mange formar på nye og spennande måtar.Se mer »
  • Populære turstiar 2016

    Populære turstiar 2016

    Sett av litt tid for ei vandring i velmerka skogsterreng for litt pusterom. Her finn du dei mest anbefalte turstiane i området.Se mer »
  • Frukt- og siderruta

    Frukt- og siderruta

    I Ulvik ligg den einaste frukt- og siderruta med tre ulike, sjølvstendige gardar som produserer velsmakande eplesider og andre lokale produkt. Klikk her for meir info om frukt- og siderruta.Se mer »
  • Ulvikatorget

    Ulvikatorget

    Kom innom det nyopna Ulvikatorget med diverse lokalproduserte produkt frå Ulvik. Glas, keramikk, syltetøy, frukt og handverk er berre noko av det du finn på det lokale bygdetorget i sentrum av Ulvik.Se mer »
  • Ulvik vass-ski klubb

    Ulvik vass-ski klubb

    Onsdagar, laurdagar og sundagar køyrer Ulvik vass-ski klubb med båt og vass-ski for born og unge, for medlemer og ikkje-medlemer, i Holmen ved kaien.Se mer »
  • B-active-senteret

    B-active-senteret

    På B-active-senteret ved Ulvik hotell finn du utleige av sykkel og kajakk samt fleire ulike naturbaserte opplegg rundt om i Ulvik for store og små, som til dømes Ulvik quizløype.Se mer »
<< Tilbake Visit Ulvik

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 9. oktober – 4. desember 2017

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag–onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–18.00
Fredag: 11.00–16.00 (1.12 til 20.00)
Laurdag: 11.00–16.00 (2.12 til 17.00)
Sundag: Stengt

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.