Populære turstiar 2016 – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Peter Nickall
    Peter Nickall
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

Populære turstiar 2016

turstiar2015Tunheim (Liavegen og Jonstøl): Tunheim er eit godt startpunkt for to ulike merka stiar i terrenget. Den grøne stien vil ta deg langs Liavegen og er ein ca timelang lett rundtur som gjev god utsikt over Ulvik og delar av Osafjorden. Start på Tunheim og føl skiltinga mot Liavegen. Velg den øvre vegen om du vil ha høgare utsiktspunkt og meir stigning, eller velg den nedre vegen om du ønskjer litt lettare terreng. Returner til Tunheim eller ta av ned mot Øydve gard og returner til sentrum via hovudvegen. Den andre ruta er ein blå tursti opp mot Jonstøl, eit stølsområde høgare opp i fjellet. Ruta tek ca to timar opp og gjev god utsikt over bygda på veg opp og har eit romsleg stølsområde på enden av ruta.

Åsen rundt: Åsen rundt er ein ca. to timar lang rundtur i grusterreng, og høver seg godt for sykling og barnevogn. Ruta er grøn og har lite stigning, men byr på gode utsiktspunkt over Osafjorden og Ulvik. Tar du turen med sykkel, vert det anbefalt at du startar ved Håheim. Om du går eller køyrer, kan du starte ved Holmen og følge skiltinga der.

Kvasshovden: Ein raud tursti av den meir krevjande sorten tek deg frå Ulvik sentrum til fjellet Kvasshovden på 1030 høgdemeter. Stien er brukt til det årlege motbakkeløpet “Kvasshovden Opp” i juli og går føre seg i merka skogsterreng. Stien tek omlag tre timar opp og to timar ned. Det er panoramautsikt over bygda frå fjelltoppen.

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 9. oktober – 4. desember 2017

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag–onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–18.00
Fredag: 11.00–16.00 (1.12 til 20.00)
Laurdag: 11.00–16.00 (2.12 til 17.00)
Sundag: Stengt

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.