• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

6.-8. Oktober: Oktobertorg og fruktslepp

Vel møtt til Oktobertorg i Ulvik sentrum 6.-8. oktober! Me går hausten i møte med fruktslepp hjå siderruta, loppemarknad med auksjon i regi av Lions Ulvik, lokaltorg og stemningsfulle arrangement. Vel møtt til ei helg fullspekka av lokale smakar, lyrikk og god hauststemning!

Fredag 6. oktober inviterer Agnes Ravatn og Einar Økland til litterær festkveld på Den Grøne Kafe. Laurdag 7. oktober kan ein sikre seg gode kjøp frå Lions loppemarknad og torget. Cittaslowrådet kårar årets eplekakebakar i den lokale meisterskapskampen i eplekakebaking, og dei minste kan ta del i lesestund for born på Haugesenteret. Lyst til å prøve deg som glasblåsar? Då kan du prøve deg hjå Syse Glas på Gamle Handelslaget. Gardane på siderruta markerar sesongslutt på frukta og inviterer til omvisning og smaksprøvar. Brakanes Hotell inviterer til Hardangerbuffet og dans med Say No More. Sundag 8. oktober fortset Lions store loppemarknad og fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri (Hakastad) og Syse Gard held ope gardsutsal og kafé. Handelslaget held ope med sal av lokalproduserte varer og kunst.

6.–8. oktober 2017: Torgdag, loppemarknad og auksjon

Den årlege torgdagen, arrangert av Ulvik Næringslag og Lions Club Ulvik, finn stad ved Sentrumsbygget i Ulvik med eit stort utval av lokale produkt: Alt frå ferske grønsaker til eplesaft, hårprodukt og leikety er å finne på det lokale utandørstorget. Lions har i tillegg eit stort loppemarknad i det gamle fruktlageret ved Coop, der ein kan finne glas, porselen, etestover, verktøy, kjøkenutstyr, møblar, bøker og leiker. Høgdepunktet er auksjonen med fleire moglegheiter for å gjere eit godt kjøp.

Illustrasjonsfoto frå 2009 og 2013:

Lopper1

 

 

 

Lopper2

 

 

 

 

 

 

 

 

inne inne2

 

 

 

15. juli: Kvasshovden Opp 2017

Det årlege motbakkeløpet med målgang på Kvasshovden (1030 høgdemeter) startar laurdag 15. juli med både konkurranseklasse og mosjonsklasse. Løypa strekk seg over 7500 lengdemeter frå Ulvik sentrum med fleire matstasjonar på veg opp til toppen, som byr på ei spektakulær utsikt over Ulvik. Løpet vert direktesendt frå Kongressen i Ulvik, og det vert premieutdeling på ettermiddagen på beste tid og trekking på startnummer.

Løpet i år er NM-løp! Meir info er å finne på denne nettsida: kvasshovdenopp.no

 

6.–9. juli: Sommarfestivalen 2017

Andre helga i juli vert den årlege Sommarfestivalen arrangert. Ta del i noregsmeisterskapet i pallepadling, ta med borna på ein tur med Eliasbåten eller ta nokre rundar på det store sommartorget ved kaien. Prøv fiskelukka på fjorden med stong eller båt i den store fiskekonkurransen og bli med på den store “afterfish”-grillinga ved Brakanes Hotell. Sjå og dei siste oppdateringane på denne Facebook-sida: https://www.facebook.com/Ulvik-Sommarfestival-879765078768465/?fref=tshttps://www.facebook.com/events/377325832458436/

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider: 1. september – 9. oktober 2017

Måndag–tysdag: 10.00–16.00
Onsdag: Stengt
Torsdag: 10.00–18.00
Fredag: 10.00–16.00
Laurdag: 11.00–17.00
Sundag: Stengt (ope 8/10, 10–15)

Copyright © 2017 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.