Velkommen til perla i Hardanger!

Ulvik ligg innerst i Hardanger mellom høge, snødekte fjell, innerst i kanten av Hardangerfjorden. Her finn du Noreg si eineste frukt- og siderrute med tre sjølvstendige gardsbedrifter som tilbyr både eigenprodusert eplesider og andre velsmakande gardsprodukt. Bygda byr på fleire overnattings- og spisestader og fleire ulike aktivitetar for store og små. Stå på vannski på fjorden, kikk innom Ulvikatorget med eit stort utval av lokalproduserte varer eller ta deg ei lyrisk vandring i det nyopna Olav H. Hauge-senteret eller diktarheimen på Rossvoll. Det er fleire godt merka turstiar rundt om i området og moglegheiter for å utforske fjorden med både båt og kajakk.
  • Jolegateopning med meir!

    Jolegateopning med meir!

    Me hadde gleda av å ønskje alle velkomne til den "varmaste" helga i året! Stor takk til alle som møtte fram!Les mer »
  • Opningstider i Ulvik, november 2018

    Opningstider i Ulvik, november 2018

    Opningstider for butikkar, kafear, museum m.m. i Ulvik, november 2018.Les mer »
  • Naturopplevingar

    Naturopplevingar

    Ulvik er for alle, store og små, gjennom heile året. Ta deg ein gåtur langs vegen i den kalde og fine tida, eller følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda. Skianlegget …Les mer »
  • Oktobertorg, fruktslepp og loppemarknad 2018

    Oktobertorg, fruktslepp og loppemarknad 2018

    Fruktsleppet og Oktobertorget i Ulvik gjekk av stabelen 5.–7. oktober 2018. Me gjekk hausten i møte med Frukt- og siderruta sitt årlege fruktslepp, loppemarknad med auksjon i regi av Ulvik Lions Club, lokaltorg og stemningsfulle arrangement i regi av Haugesenteret …Les mer »
  • 7.-9. September: Poesifestivalen 2018

    7.-9. September: Poesifestivalen 2018

    Helga 7. – 9. september var det på ny festival i poesibygda. Festivaltemaet i år var “Ordskifte” – kva rolle, plass og funksjon har poesien i den offentlege samtalen? Poesifestivalen vart arrangert for 10. gong, og det vart markert med …Les mer »
  • 14. juli: Kvasshovden Opp 2018

    14. juli: Kvasshovden Opp 2018

    Det årlege motbakkeløpet med målgang på Kvasshovden (1030 høgdemeter) vart arrangert laurdag 14. juli med både konkurranseklasse og mosjonsklasse.Les mer »

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider frå 1. desember 2018

Måndag: 10.00–15.00
Tysdag: Stengt
Onsdag: 10.00-15.00
Torsdag–Fredag: 13.00–18.00
Laurdag: 11.00–17.00
Sundag: Stengt (Ope 16.12, 12–16)

Copyright © 2018 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.