Velkommen til perla i Hardanger!

Ulvik ligg innerst i Hardanger mellom høge, snødekte fjell, innerst i kanten av Hardangerfjorden. Her finn du Noreg si eineste frukt- og siderrute med tre sjølvstendige gardsbedrifter som tilbyr både eigenprodusert eplesider og andre velsmakande gardsprodukt. Bygda byr på fleire overnattings- og spisestader og fleire ulike aktivitetar for store og små. Stå på vannski på fjorden, kikk innom Ulvikatorget med eit stort utval av lokalproduserte varer eller ta deg ei lyrisk vandring i det nyopna Olav H. Hauge-senteret eller diktarheimen på Rossvoll. Det er fleire godt merka turstiar rundt om i området og moglegheiter for å utforske fjorden med både båt og kajakk.
  • HUSMANN, KVEMMADOKKJE 13. JULI

    HUSMANN, KVEMMADOKKJE 13. JULI

    HUSMANN er eit tingingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik og har urframføring 13.juli 2019. Det er eit musikkteater der manuset er skriven av den prislønna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin. Musikken er laga av duoen Djønne&Børsheim som består av Rannveig Djønne …Les mer »
  • KVASSHOVDEN OPP, 13. JULI

    KVASSHOVDEN OPP, 13. JULI

    13. juli er det for tolvte gong motbakkeløp til 1030 moh opp Kvasshovden. Konkurranseklassen startar 11:30, og mosjonsklassen med start mellom klokka 08:000 til 11:00. Flotte premiar for beste tid og trekking på nummer i turklassen ved Brakanes Hotell klokka …Les mer »
  • OPNINGSTIDER, JULI 2019

    OPNINGSTIDER, JULI 2019

  • 4.–6. juli: Hardangersus 2019

    4.–6. juli: Hardangersus 2019

    Til helga er det klart for Hardangersus! Gled deg til flyshow, andeløp og fleire konsertar! Hald deg oppdatert på denne sida for siste nytt!Les mer »
  • Opningstider, juni 2019

    Opningstider, juni 2019

  • Naturopplevingar

    Naturopplevingar

    Ulvik er for alle, store og små, gjennom heile året. Ta deg ein gåtur langs vegen i den kalde og fine tida, eller følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda. Skianlegget …Les mer »

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider juli 2019

Måndag: 10.00–16.00
Tysdag–laurdag: 10.00–17.00
Sundag: 11.00–16.00

Copyright © 2019 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.