• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

HUSMANN, KVEMMADOKKJE 13. JULI

HUSMANN er eit tingingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik og har urframføring 13.juli 2019. Det er eit musikkteater der manuset er skriven av den prislønna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin. Musikken er laga av duoen Djønne&Børsheim som består av Rannveig Djønne frå Djønno i Ullensvang på toradar og Annlaug Børsheim frå Ulvik på feler, song og gitar. Duoen skal sjølve stå på scena saman med dei røynde og dyktige skodespelarane Morten Svartveit frå Voss, kjent frå m.a. TV-serien “Heimebane” på NRK, og Kjærsti Odden Skjeldal frå Fredrikstad, kjent frå m.a. “Heim 2” på Hordaland Teater. Folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim kjem òg til å vera med denne kvelden.

Manuset er skrive med inspirasjon frå husmannslivet i Hardanger og
musikken hentar inspirasjon frå tradisjonsmusikken.

 

For meir informasjon og tinging av billettar, vennligst sjå http://www.kvemmadokkje.no/?pid=6362

KVASSHOVDEN OPP, 13. JULI

13. juli er det for tolvte gong motbakkeløp til 1030 moh opp Kvasshovden. Konkurranseklassen startar 11:30, og mosjonsklassen med start mellom klokka 08:000 til 11:00. Flotte premiar for beste tid og trekking på nummer i turklassen ved Brakanes Hotell klokka 16:00.

 

Beste tid for herreklassen står på 46:49, og for kvinneklassen 54:57. Slår du den?

 

For meir informasjon og påmelding, sjå www.kvasshovdenopp.no

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider juli 2019

Måndag: 10.00–16.00
Tysdag–laurdag: 10.00–17.00
Sundag: 11.00–16.00

Copyright © 2019 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.