• Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch

7.-9. September: Poesifestivalen 2018

Helga 7. – 9. september var det på ny festival i poesibygda.
Festivaltemaet i år var “Ordskifte” – kva rolle, plass og funksjon har
poesien i den offentlege samtalen? Poesifestivalen vart arrangert for
10. gong, og det vart markert med opprettinga av Olav H. Hauge-stipendet for
unge diktarar. Stipendet vart delt ut under opningsseremonien.
Festivalen feira også 200-årsjubileet for A.O. Vinje og
150-årsjubileet for Det Norske Samlaget.

Fleire framifrå norske og nordiske poetar gjesta festivalen saman med
dyktige musikarar og andre utøvarar. Meir informasjon på poesifestivalen.no.

6.–8. oktober 2017: Torgdag, loppemarknad og auksjon

Den årlege torgdagen, arrangert av Ulvik Næringslag og Lions Club Ulvik, finn stad ved Sentrumsbygget i Ulvik med eit stort utval av lokale produkt: Alt frå ferske grønsaker til eplesaft, hårprodukt og leikety er å finne på det lokale utandørstorget. Lions har i tillegg eit stort loppemarknad i det gamle fruktlageret ved Coop, der ein kan finne glas, porselen, etestover, verktøy, kjøkenutstyr, møblar, bøker og leiker. Høgdepunktet er auksjonen med fleire moglegheiter for å gjere eit godt kjøp.

Illustrasjonsfoto frå 2009 og 2013:

Lopper1

 

 

 

Lopper2

 

 

 

 

 

 

 

 

inne inne2

 

 

 

14. juli: Kvasshovden Opp 2018

Det årlege motbakkeløpet med målgang på Kvasshovden (1030 høgdemeter) vert arrangert andre helga i juli kvart år. Det er både konkurranseklasse og mosjonsklasse. Løypa strekk seg over 7500 lengdemeter frå Ulvik sentrum med fleire matstasjonar på veg opp til toppen. Her har ein ei spektakulær utsikt over Ulvik. Løpet vert direktesendt frå kurs- og konferansesenteret ved Brakanes Hotel i Ulvik, og det er premieutdeling på ettermiddagen på beste tid og trekking på startnummer. Meir info er å finna her: kvasshovdenopp.no.

 

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: [email protected]

Opningstider frå 1. desember 2018

Måndag: 10.00–15.00
Tysdag: Stengt
Onsdag: 10.00-15.00
Torsdag–Fredag: 13.00–18.00
Laurdag: 11.00–17.00
Sundag: Stengt (Ope 16.12, 12–16)

Copyright © 2018 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.