Med bil

med-bilAnten du kjem frå aust eller vest, er det enkelt å kome seg til Ulvik med bil. Kjem du til dømes frå retning Bergen, kan du følgje E7 via Norheimsund eller E13 via Voss til Granvin. Etter ein 20 minuttars køyretur gjennom Vallaviktunellen og langs fjorden, når du Ulvik sentrum, og 10 kilometer lenger inn i fjorden ligg Osa. Det er òg mogleg å nå Ulvik ved å køyre “gamlevegen” over fjellet ved Granvin. Du når denne ruta ved å følgje E13 til Granvin og ta av mot riksveg 572 ved Holven i Granvin. Kjem du via Hardangervidda eller gjennom Odda, kan du følgje E13 fram til Bu og ta Hardangerbrua over til Vallavik og følgje riksveg 572 langs fjorden inn til Ulvik. Det er òg mogleg å ta ferje over frå anten Utne eller Kinsarvik til Kvanndal og reise via Granvin og Vallaviktunellen.

I Ulvik er det gratis parkering i heile bygda og fleire gode parkeringstilhøve og tilgjenge ved dei mest populære turstiane i området.

Med båt

med-bctFor å kome til Ulvik og Ulvikfjorden må du kome inn via Hardangerfjorden i vest. Fortsett vidare inn og under Hardangerbrua langs riksveg 572 til du når Ulvikfjorden. I Ulvik er det tilrettelagt for båtparkering og overnatting ved Ulvik gjestehamn i sentrum, med tilgang på gratis strøm. Gjestehamna har mellom 9–15 plassar med serviceanlegg i gangavstand ved Den Grøne Kafé med dusj, toalett og vaskerom. Hamna ligg sentralt med lett tilgjenge til butikkar, minibank og turistkontor.

Om du vil kome inn via fjordcruise, kan du ta Tedno, ein hurtigbåt som startar i Norheimsund om morgonen. Hurtigbåten er mellom anna innom Lofthus, Kinsarvik og Utne på veg mot Eidfjord. Båten kjem attende på ettermiddagen i motsatt retning.

Med offentleg transport

med-offentlig-transportAnten du kjem med buss, båt eller tog, er det enkelt å nå Ulvik med offentleg transport. Gode knutepunkt for transport ligg i Granvin og på Voss stasjon. Anten du kjem med Bergensbanen eller andre tog frå retning Bergen eller Oslo, kan du hoppe av på Voss stasjon og ta buss i ein time ned til Ulvik. Det same gjeld om du kjem via Øst-Vest-Ekspressen med buss-stopp på Voss stasjon og vidare buss ned til Ulvik. Bussane til og frå Ulvik går heile dagen med jamne mellomrom og er det enklaste transportmidlet for å kome seg til og frå bygda. For enkelt å finne bussrute for ankomst til Ulvik, kan du nytte Skyss sin ruteplanleggar på nett på www.skyss.no.

Om du vil nå bygda med båt, er det mogleg å ta hurtigbåten Tedno som startar i Norheimsund kvar morgon. Båten er innom fleire bygder, mellom anna Lofthus, Kinsarvik og Utne, før Ulvik og endestasjonen i Eidfjord. Båtturen tek deg med innover i Hardangerfjorden mot Ulvikfjorden med spektakulær utsikt til fjell og natur.

Til fots

till-fotsTuren frå Hallingskeid til Osa er 22 km lang i eit variert og tidvis krevande terreng. Turen startar ved Hallingskeid, som kan nåast med tog frå retning Bergen eller Oslo. Frå Hallingskeid følgjer du Rallarvegen eit stykke før du når T-merka sti mot Moldåni og over elva. Fortsett opp Badalen og mot Rembedalseter. Undervegs får du utsiktspunkt over Hardangerjøkulen og Nedre Grøndalen. Terrenget kan vere krevjande til tider, spesielt om det ligg att snørester på fjelltoppane. Når du nærmer deg Osa, vil du få ein flott utsikt mot fjorden og ei bratt nedstiging via Osete. I Osa kan du overnatte anten i telt eller hjå Hardanger Basecamp, som i tillegg tilbyr kafé og sanitæranlegg. Frå Osa og inn til Ulvik ligg det ein 10 kilometer lang asfaltert veg som du kan gå, sykle og køyre. Det er mogleg å bli henta med taxi i Osa. For meir detaljert rute og beskrivelsar, besøk turistforeningen.no. Stien er DNT-merka og berekna på sommarsesong.

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: 565 26 280
E-post: [email protected]

Opningstider november 2019

Måndag: 11.00–16.00
Tysdag: Stengt
Onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00–17.00
Fredag: 11.00–17.00

Laurdag: 11.00–16.00
Sundag: Stengt

Copyright © 2019 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.