HUSMANN, KVEMMADOKKJE 13. JULI – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Ulvik Landskapspark
    Ulvik Landskapspark
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag
  • Ulvik Landskapspark
    Ulvik Landskapspark
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

HUSMANN, KVEMMADOKKJE 13. JULI

HUSMANN er eit tingingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik og har urframføring 13.juli 2019. Det er eit musikkteater der manuset er skriven av den prislønna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin. Musikken er laga av duoen Djønne&Børsheim som består av Rannveig Djønne frå Djønno i Ullensvang på toradar og Annlaug Børsheim frå Ulvik på feler, song og gitar. Duoen skal sjølve stå på scena saman med dei røynde og dyktige skodespelarane Morten Svartveit frå Voss, kjent frå m.a. TV-serien “Heimebane” på NRK, og Kjærsti Odden Skjeldal frå Fredrikstad, kjent frå m.a. “Heim 2” på Hordaland Teater. Folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim kjem òg til å vera med denne kvelden.

Manuset er skrive med inspirasjon frå husmannslivet i Hardanger og
musikken hentar inspirasjon frå tradisjonsmusikken.

 

For meir informasjon og tinging av billettar, vennligst sjå http://www.kvemmadokkje.no/?pid=6362

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: ulvikturist@ulvik.org

Opningstider juli 2019

Måndag: 10.00–16.00
Tysdag–laurdag: 10.00–17.00
Sundag: 11.00–16.00

Copyright © 2019 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.