Poesifestivalen 2018 – Visit Ulvik
  • Norsk Bokmål
  • English
  • Deutsch
  • Ulvik IL
    Ulvik IL
  • Reinhold Krager
    Reinhold Krager
  • Ulvik næringslag
    Ulvik næringslag

Poesifestivalen 2018

Helga 7. – 9. september er det på ny festival i poesibygda.
Festivaltemaet i år er Ordskifte – kva rolle, plass og funksjon har
poesien i den offentlege samtalen? Poesifestivalen blir arrangert for
10. gong, og det markerer vi med å opprette Olav H. Hauge-stipendet for
unge diktarar. Stipendet blir delt ut under opningsseremonien.
Festivalen feirar også 200-årsjubileet for A.O. Vinje og
150-årsjubileet for Det Norske Samlaget.

Fleire framifrå norske og nordiske poetar kjem til festivalen saman med
dyktige musikarar og andre utøvarar. Følg med på denne sida
framover. Der finn du program og kan kjøpa billettar – det er berre å gle seg!

Kontaktinformasjon for Ulvik turistkontor

Adresse: Tyssevikvegen 9–11, 5730 Ulvik
Telefon: (+47) 56526280
E-post: ulvikturist@ulvik.org

Opningstider frå 1. oktober 2018

Måndag: 10.00–16.00
Tysdag: Stengt
Onsdag–torsdag: 10.00-16.00
Fredag: 10.00–17.00
Laurdag–sundag: 11.00–16.00

Copyright © 2018 Visit Ulvik. Alle rettigheter reservert.